| IKT i undervisninga |
|
|
| Skrevet av Eva Bratvold |
| mandag 04. mai 2009 12:21 |
|
På konferansen "Er du klar for det digitale løftet?" i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune var det ein spørreundersøkelse blant nokre av lærarane frå vidaregående skule (omlag 100 stk.) Spørsmålet "Kva meiner du er til størst hinder for å nytte IKT i undervisninga?" fekk som resultat: 53% manglande digital kompetanse hjå lærar Eg tykkjer dette gir to sterke signal om kva som må gjerast; det eine er å gje tilstrekkeleg opplæring på bruk - både i form av reiskapskompetanse og fortolkningskompetanse. Det andre er at ein må få endra organisasjonskulturen slik at ein får ein kultur som vektlegg deling og læring innad. Her må skuleleiing leggje tilrette, kanskje dei som kan mykje av lærarane må få frigjort tid slik at dei har høve til å dele sin (tause) kunnskap med dei andre i kollegiet uten at dette vert ekstrabelastning i tillegg til vanleg arbeid. Grunnen til at eg tek dette fram er at det og var spørsmål om korleis ein sjølv meinte at ein kunne auke sin eigen digitale kompetanse, og som ein ser av resultatet var det mange som meinte at ein kunne lære mykje av sine kollegaer: 16 % På etterutdanningskurs |