|
Skrevet av Frode Kyrkjebø
|
|
onsdag 18. mars 2009 20:56 |
|
Ein ny versjon av Fronter blir rulla ut i desse dagar, kva dato dei ulike installasjonane i fylket blir oppdatert er ikkje avklara enda. Eg skal koma tilbake med informasjon om dette så snart som mogleg. Dersom du er nyskjerrig på kva den nye versjonen av Fronter inneheld, så kan du lese Release brevet om Fronter 91.
Det som peikar seg ut som mest interessant er kanskje Entrance Hall funksjonen, som gir ein moglegheit for å gi eit visuelt bilde av ulike rom. Ein funksjon eg håpar blir godt teke imot på barneskulen. Dette i kombinasjon med gode fyrstesider gir moglegheitar til å gjere Fronter meir visuelt attraktivt. Ellers er det fleire funksjonar som er ekstra positive. Språkskifte etter pålogging er nyttig, støtte for Safari i teksteditoren vil nok glede mangen MAC brukarar. Det viktigaste, og mest spennande, blir moglegheiten for innhaldsmigrering. Og det blir spennande å sjå om dette gjer det lettare å flytt ting mellom Fronter-iinstallasjonar og frå IT`s learning og over i Fronter. Kva trur du om den nye Fronter versjonen? Kom med kommentarar! |