Twitter

Følg oss på twitter!

Grunnskule Fronter

Taggar

Første veka i mai Skriv ut E-post
Skrevet av Eva Bratvold   
mandag 04. mai 2009 12:02

Ja, no er det allereie mai månad - tida går fort. Denne veka tek vi (Eva og Frode) ein tur til Dale for å snakke vidare om spanskprosjektet, og vi skal vise verktyget Elluminate. Dette møteverktyget skal vi og demonstrere for Sogndal vgs i nær framtid. Er dette noko din skule kan nytte? Ta kontakt med oss om du vil ha meir informasjon.

I slutten av månaden (28. mai) er vi invitert til Oslo på møte med Fronter slik at vi informere dei om innspel vi har fått frå brukarane i fylket - er det noko du ønskjer vi skal ta opp kan du gje oss ein melding.

I forrige veke var vi m.a i Førde på fagdag med SYS-IKT. Av tema som var oppe denne dagen kan vi nemne; kva er nytt i Fronter, føresette og innsynsrett (ppt ligg i nedlastning - presentasjonar), plagiatkontroll (sjå og Udir - utprøving av plagiatkontroll), Feide og status for SYS-ped. Dette var ein flott dag med mange gode innspel og vi anbefalar andre å lage tilsvarande arrangement - vi deltek gjerne :-)

 

Legg til din kommentar

Ditt navn:
Din e-post adresse:
Tittel:
Kommentar:
XHTML Valid
CSS Valid
Creative Commons License
Webdesign og utvikling: Frode Kyrkjebø