Twitter

Følg oss på twitter!

Grunnskule Fronter

Taggar

Om prosjektet Skriv ut E-post

I Sogn og Fjordane er det sett i gong eit prosjekt som kan seiast å vere unikt, i alle fall i målestokk – ”Digitalt Skulesamarbeid i Sogn og Fjordane”.

Prosjektet skal gje ei samla satsing på system, innhald og kompetanse på tvers i Sogn og Fjordane. Utgangspunkt for prosjektet er nasjonale føringar for bruk av IT i skuleverket og  IT-forum Skulenettverk fekk difor i 2006 som oppgåve å finne ei plattform for digitalt samarbeid i skulen - og valet fall lett på bruk av læringsplattform. Her såg me at ein kunne nå alle målgruppene på ein fornuftig måte. I tillegg synte det seg at ny teknologi sytte for at ein kunne oppnå samarbeid innan dei ulike læringsplattformene rundt om i fylket med eit minimum av modifikasjonar i eksisterande installasjonar. Arbeidet med koordinering av samarbeid mellom læringsplattformane vart det fyste satsingsområdet.

Eit anna satsingsområde var infrastrukturutbyggjing, dette er eit prosjekt i Ytre Sogn/Indre Sunnfjord (SYS-IKT).

Det tredje satsingsområdet var å ha gode døme på innhald og bruk; og her var det forslag om kartlegging av nynorske læringsressursar, streaming, blog/wiki, nettbasert undervisning, praksissamarbeid høgskule/grunnskule og samarbeid heim/skule som vart fremma.

Desse tre satsingsområda blei lagt til grunn for utarbeiding av eit forslag som enda opp med prosjektet ”Digitalt skulesamarbeid i Sogn og Fjordane”. Prosjektet er tidsavgrensa ut 2009, og er delfinansiert gjennom fornyingsmidlar frå fylkesmannen.

Revidert tidsplan:

AKTIVITETLEIARStartdatoSluttdato
Felles prosjektleiarEva BratvoldApr 08Des 09
    
Delprosjekt 1 LMS-Organisering   
KonsekvensanalyseUtdanningsdirNov 07Des 07
LMS-ansvarleg felles løysingFrode KyrkjebøAug 08Des 09
    
Delprosjekt 2 SYS-Kommunane   
Prosjektleiar SYS (heil stilling)SYS-IKTNov 07Okt 09
Samordning og oppgradering av infrastruktur for alle skulaneSYS-IKTNov 07Nov 08
KlientadministrasjonssystemSYS-IKTNov 07Okt 09
Automatisering av id-håndtering, tilrettelegging for FEIDESYS-IKTNov 07Okt 09
Tilrettelegging sentral driftsmodell, sentral desentral helpdeskSYS-IKTNov 07Des 08
Tilrettelegging lagring – sikring av sensitiv info (td IOP)SYS-IKTNov 07Des 08
Tilrettelegging av integrasjon mot felles LMS-løysingSYS-IKTFeb 08Feb 09
    
Delprosjekt 3 – Innhaldsutvikling og samarbeid   
Nynorske læringsressurar Del A – kartlegging og tilrådingHSFJan 08Juli 09
Nynorske læringsressursar Del B – Produksjon og tilretteleggingNordfjordregionMai 08Mai 09
Nettbasert undervisning i spansk (3 skular) i FjalerFjaler kommuneNov 07Juni 09
Kurs i streamingteknologiEid VGSJan 09Okt 09
Samarbeid heim-skuleSogn regionrådJan 09Mai 09
Utvikle og teste kurs i nettbasert undervisningHSFJan 09Juli 09
Blogg/wiki som verktøy i undervisningaHSFAug 08Okt 09
Opplæring i bruk av verktøy i LMSDigitalt skulesam.Aug 08Okt 09
Samarbeid lærarutdanning/grunnskule i praksisperiodarHSF og Luster kommuneFeb 08Nov 09
    
Evaluering Des 08Des 09
 
XHTML Valid
CSS Valid
Creative Commons License
Webdesign og utvikling: Frode Kyrkjebø