Twitter

Følg oss på twitter!

Grunnskule Fronter

Taggar

Innhaldsproduksjon Skriv ut E-post

Innhaldsproduksjon omfattar m.a kartlegging av nynorske læringsressurser, spanskprosjekt, blogg/wiki, streaming, verkty i LMS, samarbeid heim/skule, praksissamarbeid høgskule/grunnskule.

Kartlegging av nynorske læringsressursar er todelt; det er tildels eit samarbeid med Sophusportalen i Nordfjord og dels eit prosjekt i regi av Høgskulen i Sogn og Fjordane. Sophusportalen har laga opplæringsmodular for bruk, og laga eige felt for å merke av nynorske ressursar i søkemotoren Detektor. Høgskulen har og hatt samarbeid med Norgesuniversitetet og Nynorsksenteret i Volda i sitt prosjekt, og dei har levert ein rapport til departementet om digitale læringsressurser på nynorsk kontra på bokmål. Dette prosjektet har og vore med på å realisere eit kurs i produksjon av nynorske læringsressursar frå hausten 2009.

Spanskprosjektet er eit samarbeid mellom to grunnskular og ein vidaregåande skule for å tilby spansk som språkval. Dei har tildels samlingar og tildels eigen studietid, og nyttar felles "klasserom" i Fronter.

Wiki er eit prosjekt som vert sett i gong på Øyrane vgs på byggfag. Elevane skal sjølv fylle wiki med innhald slik at dei lagar eit oppslagsverk som dei kan nytte i samband med undervisninga. HSF hjelper Øyrane vgs med å leggje tilrette og drifte wiki.

Det har vore introduksjon til streaming i sanntid på nett, og denne er fortsatt tilgjengeleg for dei som ønskjer å sjå. Skular som ønskjer å prøve streaming kan ta kontakt med Digitalt Skulesamarbeid.

Praksissamarbeid høgskule/grunnskule har hatt eit pilotprosjekt for å sjå på kva for mogelegheiter ein kan få ved å nytte LMS-overbygginga.

Bruk av verkty i LMS har vore tema på mange møter rundt om i fylket. Vi i prosjektet deltek gjerne med informasjon og viser praktisk bruk.

 
XHTML Valid
CSS Valid
Creative Commons License
Webdesign og utvikling: Frode Kyrkjebø