| LMS Organisering |
|
|
|
Læringsplattformen (LMS) er i prosjektet valgt som arena og plattform for det digitale samarbeidet i fylket. Ei forutsetning for å få til eit slikt samarbeid blir då å få ulike installasjonar av LMS til å kommunsiere med kvarandre. Og ikkje minst samla ulike installasjonar for å oppnå stordriftsfordelar, og for å legge betre tilrette for samarbeid. I fylket idag er det i all hovudsak Fronter som blir brukt som LMS, men enkelte skular brukar IT`s Learning, Skoleveven og andre løysninga som kan minna om LMS. Før prosjektet tok til var det 51% av skulane i fylket som brukte eit LMS. Fronter-installasjonar: ![]() For å nå strukturen som er skissert i løysninga over er ein nødt til å flytta Fronter-installasjonane: florags, askvollgs, sfgs og gloppen inn i fells grunnskuleinstallasjon. Denne fellsinstallasjonen for grunnskular har namnet: sognfjordanegs. Ved hjelp av FronterBridge vil alle Fronter-installasjonar i fylket væra knytt saman, og ein får difor moglegheit for datautveksling mellom ulike skuleslag og ulike skular. Andre LMSEit mål for prosjektet er at andre LMS (t.d. IT`s Learning) skal kunne delta i samarbeidet. Dette er tenkt løyst ved bruk av AICC lenkjer som kan senda brukarinformasjon mellom ulike system. Begge systema støttar i ulik grad desse standardane. Og det har vore demonstrert korleis ein kan knytta ein brukar frå Fronter opp mot eit klasserom i IT`s Learning. Konsekvensar og fordelarDet er svært få konsekvensar for skulane som følgje av desse endringane. Skulane driftar seg sjølve som før, men vil få eit lokalt kontaktpunkt i fylket. For dei skulane som må flytta over i fellesinstallasjonen, vil det bli eit arbeid som kan utførast i arbeidsgrupper, med LMS-Koordinator tilstades. Dette arbeidet vil ta ca. ein dag. Det vil og væra enkelte andre grep som LMS-Koordinator vil løysa når det gjeld flytting. Skulane får ein rekke fordelar ved å strukturerast som på skissa over:
MåletMålet med å organisera LMS`a slik som ein gjer er å oppnå moglegheitar for samarbeid mellom alle skuleslag uavhengig av kva system ein brukar. |